Heimtun

Bratte lier og vått vestlandsklima har ikkje stogga ein Sunnfjording før. Med gamle rasar av Vestlandsk fjordfe og Gamalnorsk spelsau, nyttar vi utmarksressursane til å produsere kortreist, godt kvalitetskjøt med god samvit. Dei gamle rasane er tilpassa klimaet på Vestlandet. Små dyr som tek seg lettare fram i terrenget og som etterlet seg mindre skade på jorda enn dei moderande tunge rasane gjer i vått vestlandsvær.
Alle husdyr og planteprodukt er godkjent som økologisk av
Debio.
Hjortekjøtet er frå den lokale hjortestammen og so regel jakta av bonden sjølv eller andre i same jaktlag. Dessuten er me opptekne av å nytte dyrka og viltveksande
nyttevekstar og sopp.
Heimtuna eller «Hemmtuna» ligg på Årberg i Sunnfjord i tidlegare Gaular kommune. Køyrer du E39 nordover etter å ha kryssa Sognefjorden finn du oss ca ei mil nord om Vadheim, like før du bikkar toppen av vegen før det hallar ned att mot Sande.
Kontakt oss
Adresse
6973 Sande i Sunnfjord
Kontaktperson
Harald Eriksen
Mobil
95154314
Produktinfo
Kjøt av Vestlandsk fjordfe og sau, lammepølser, kjøt og sopp.
Tilstede på markedsdager

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 18. februar, kl. 10:00 - 16:00

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 11. mars, kl. 10:00 - 16:00

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 25. mars, kl. 10:00 - 16:00

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 1. april, kl. 10:00 - 16:00

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 22. april, kl. 10:00 - 16:00

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 13. mai, kl. 10:00 - 16:00

Bergen Fisketorget - Bergen
lørdag, 10. juni, kl. 10:00 - 16:00

Festplassen - Bergen
lørdag, 17. juni, kl. 10:00 - 16:00




