Undredal Stølsysteri  

I Undredal er det å lage ost uløyseleg knytt til bygda sin identitet. Så langt attende vi kan spore og fram til i dag har det utan opphald blitt laga ost av eiga mjølk. Dei tre familiane som står bak nyskapinga Undredal Stølsysteri BA har losa denne stolte tradisjonen over i det moderne matlandskapet.