Skjerdal stølsysteri

Garden ligg i Aurland kommune, på ei fjellhylle med oversyn over Aurlandsfjorden og inn til Flåm. Garden Skjerdal er eit typisk familiebruk på Vestlandet, drive av Anne Karin Hatling og Harald Skjerdal. Vi driv allsidig økologisk landbruk med husdyr og litt frukt. Geitene er hovednæringa på garden. I tillegg har vi sauer og ein dølahest, som likar seg godt når ho får gå i utmarka heile sommaren. Hestane brukar vi til kløvjing av ved og ost om sommaren, men for det meste lever dei det gode liv. I den bratte fjellsida ned mot fjorden har vi eple- og morelltre og sommarhuset Bygningen. Om sommaren er det eit yrande liv på vollen ved stølsysteriet på Leim. Harald syt for slåtten saman med dreng og døtrene når dei er heime på ferie, og Anne Karin og budeiene ystar ost og tek i mot gjester på stølsysteriet. Slik lev tradisjonane for brattlendt gardsdrift og ysting vidare over Aurlandsfjorden.
Produktinfo
Ost