Høgt og vilt Urter frå Devik

Devik er ei lita grend i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Bruket vårt ligg ca. 100 meter over Gloppefjorden med panoramautsikt til fjord og fjell. Det hadde lege ubrukt i vel 10 år då vi tok over i 1997. Bjørg har gartnarutdanning og erfaring frå grønnsaks- og blomsterproduksjon på friland og i veksthus. Ho ynskte å ha garden som sin arbeidsplass, og byrja å hausta viltveksande urter for sal. Etter kvart har ho utvida med økologisk dyrking av mange te- og krydderurter. Devik er ein gamal gard, i skriftlege kjelder først nemnt på 1100-talet. Som svært mange andre gardar låg også denne aude frå ca. 1350 til slutten av 1500-talet. Bjørg kjem opprinneleg frå nabobruket der det er ubrutt slektsline attende til 1500-talet Etter innmarksjordskifte omkring 1920 vart to bruk flytta ut av det gamle klyngetunet, så då vart bruket vårt bygd opp i si noverande form. Ein kan framleis sjå delar av murane etter det gamle tunet på nabobruket. Fram til sist på 1960-talet var Devik ein veglaus gard, og all transport til og frå gjekk med båt. Bilvegen frå sjøen opp dei to kilometrane til høgste bruket vart bygd midt på 1950-talet. Den tida var vegbygging i stor grad handarbeid, og dei flotte vegmurane står like støtt i dag som då.
Kontakt oss
Adresse

6828 Hestenesøyra
Kontaktperson
Bjørg Devik Aurlien
Mobil
908 65 761
Godkjenninger
Debio Økologisk
Produktinfo
Urtetear, urtekrydder, urtesalt og blomster til pynt på maten