Logo til Heljetunet
Heljetunet

Heljetunet gard i Øystese har vore i drift i same slekt sidan 1792. Fyrste frukthagen vart planta for omlag 120 år sidan, og noverande gardbrukar er fjerde generasjon som driv med frukt. Me har eplesortane Discovery (tidleg sort), Katja (pollensort, middels tidleg), Aroma (middels sein) og Rubinstep (sein). Alle sortane er gode ete-eple rett frå treet, Aroma og Rubinstep tóler godt å bli lagra ei tid. I tillegg har me nokre hundre plommetre. Me dyrkar økologisk og er godkjent av Debio. Me har også 30 vinterfora sauer, som blir til ein flokk på rundt hundre dyr etter at lembinga er over i mai. På våren og hausten hjelper dei til med å halda graset nede på teigane der det ikkje kan veksa eple. Om sommaren er flokken på fjellbeite i Kvammafjella, frå Fitjadalen til Breidablik.
Kontakt oss
Kontaktperson
Olav Vik
Mobil
971 44 365
Produktinfo
Økologiske epler og eplemost