Logo til Gardsbrenneriet AS
Gardsbrenneriet AS

Idyllisk plassering i Nordfjord: Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker. Det er tradisjonar for fruktdyrking på garden heilt tilbake til 1800-talet. I tillegg har det vore grønsaksproduksjon samt planteoppal av grønsaksplantar for sal på garden sidan 1930-talet. Per i dag blir det dyrka epler og rabarbra på garden i større skala, samt grønsaker i mindre skala i ein markedshage. På våren blir det ala opp ca 40 ulike slag grønsaksplantar for sal. Garden er under omlegging til økologisk drift. Unike smakar av naturlege råvarer: Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer frå landbruket. Eplemost var første produktet som vart lansert. Produktporteføljen har blitt stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene står i fokus. Vi brukar norske råvarer som eple, rabarbra, plommer, bringebær, solbær, rips, jordbær og morellar. Epla og rabarbraen som blir dyrka på garden blir brukt i våre eigne drikkevarer. Vi dyrkar også enkelte av urtene som inngår i dei alkoholhaldige produkta våre. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen.
Kontakt oss
Adresse
Hauge
6823 Sandane
Kontaktperson
Synnøve Vik Bergstad
Mobil
97076616
Produktinfo
Eplemost.