Brelam frå Jostedal

Lengst oppe i fjella, klemt inn mellom Breheimen og Jostedalsbreen, driv tre sambygdingar eit felles føretak med sau. Tidligare dreiv dei kvar for seg på kvart sitt familiebruk med 30-60 vinterfora sauer. No driv dei saman foredlingsbedrifta Brelam, som er eigd av Jostedal samdrift Da og alt er produsert av sauekjøt frå produksjonen til Jostedal Samdrift. Med etablering av Brelam følgjer me heile prosessen frå lamming, beite i høgfjellet under breen til tradisjonell foredling. Både sauehaldet og foredlinga er økologisk med godkjenning frå Debio. Deltakarane er Einar Blikra, Magnus Snøtun og Jan Kåre Norberg. Hovudproduksjonen vert gjennomført i Breheimsenteret der me har fått leige kjøkken, kjøl og frys. Den andre delen av produksjonen – d.v.s. røyking og turking vert gjennomført på garden til Einar. Røyking vil foregå i gammalt stabbur. I røykeprosessen vil det verta nytta einer og or. I tillegg er det laga ny turke som vil verta teken i bruk til turkinga.
Kontakt oss
Kontaktperson
Einar Blikra
Mobil
97647199
Godkjenninger
Debio Økologisk
Produktinfo
Lam