Bjørnebruket på Rykkje
Så vidunderleg nær, og i samklang med natur og dyr, bur og lever me her på Bjørnebruket, ei lita perle av ein gard i vakre Hardanger. Som Bygdalarm (vår lokale musikkfestival, første helg i juli) så enkelt, men stort summerer til "Fjord, Fonn og Fenalår". Med eigne sauer, griser, høns, hund og katter, og alle dei gode hjelparane i og øve bakken, er det ein symfoni av mangfold, symbiose og fruktbarhet. På lag med naturen, og så kortereist som råd, haustar og lagar me lokale matvarer til oss og deg. Produkta våre er kun av eigne dyr, og nedskjært og foredla av Tarjei og Cecilie. Sau og lam blir slakta hjå Lars Ingvald på Larsastovo Gardslakteri, grisane tek turen til Nortura i Sandeid, for så å komme tilbake til Bjørnebruket, for så å bli til mange ulike produkt, som ein fast kunde beskriv "produkt av beste kvalitet", i eigne foredlingslokaler. Takk for at du velger lokale produkt, rett frå bonden!
Kontakt oss
Produktinfo
Kjøttvarer av lam og gris, egg