Skuffende nei til rå melk

Helsedepartementet vil ikke endre regelverket for omsetning av rå melk til konsum. – Helt uforståelig vedtak, sier fagrådgivere i organisasjonen Norsk Gardsost og får støtte av Bondens marked.

20. januar 2021

Skuffende nei til rå melk

Det har vært en lang diskusjon om det skal være tillatt å selge rå melk i Norge eller ei. Pascale Baudonnel er en fransk-norsk yster som i mange år har kjempa for å lovliggjøre bruken av upasteurisert melk, og hun er en av budeiene bak Undredal stølsysteri. I podcast-episoden snakker hun med Caroline og yster Siri Winther om kvalitet i melk og om hvorfor de velger å bruke upasteurisert melk når de lager ost. De snakker også om budeiekultur, seterhistorie og ystetradisjoner i Norge.

Omsetning av rå mjølk vart ikkje tillatt

Mattilsynet offentleggjorde 5.januar at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har beslutta å ikkje endre regelverket for omsetning av rå mjølk til konsum. Saka starta eigentleg allereie i 2004, da vart EU-forordninga laga, med opning for at medlems- og EØS-landa kunne lage eigne forskrifter som regulerte salet av rå mjølk. Det vart gjennomført ein omfattande høyringsrunde på forslag til norsk regelverk i 2008. Men saka stranda i Helse- og omsorgsdepartementet i nesten 10 år.

Da hygieneregelverket vart gjeldande i Noreg frå 1/3-2010 vart det gamle opplegget vidareført «All melk og fløte som omsettes til konsum, skal være varmebehandlet. Som unntak fra dette kravet, kan det fra gård eller seter omsettes rå melk og rå fløte direkte til forbruker for bruk i egen husholdning. Dette unntaket gjelder bare dersom omsetningen skjer tilfeldig og ikke har preg av butikksalg.» I fleire EU-land har det i mellomtida vorte opna for organisert sal av rå mjølk i avgrensa mengd, t.d. i Sverige frå hausten 2016.

Hausten 2017 fekk Mattilsynet på nytt i oppdrag å utarbeide eit forskriftsutkast for omsetning av rå mjølk og rå fløyte til konsum. Etter at Mattilsynet arbeidde svært grundig med forskrifta, gjennomførte ein høyringsrunde og bakte inn innspela dei fekk til ei forskrift, som skulle vera overkomeleg for produsentane og gje tryggleik for konsumentane og dei som var skeptiske til frisleppet, har no departementet brukt 1,5 år på å likevel gje avslag.

Sjølv om Mattilsynets forslag til reglar for omsetninga var strenge, ga dei ei opning for at omsetning kunne skje på ein trygg og lovleg måte. Omsetninga skulle skje i avgrensa omfang frå mjølkeprodusentar som driv gardsysteri og som har tileigna seg ekstra kunnskap om dei farane som faktisk er i rå mjølk, og som veit korleis ein byggjer kvalitetssystem for å lage trygge produkt. Regelverket skulle i første omgang gjelde som ei prøveordning.

Mattilsynet sine overvakingsprogram av rå norske mjølkeprodukt har over fleire år vist svært gode resultat med omsyn til dei smittestoffa som avslaget viser til. Produsentane har svært god kontroll med Listeria monocytogenes, som i realiteten er eit mindre problem i mjølk enn i somme ostetypar, sidan mjølka er ferskvare. Innhald av tarmbakteriar er på ein brøkdel av nivået i importert ost. Jurbetennelse- og matforgiftningsbakterien Staphylococcus aureus taklast med gode mjølkerutinar hos produsentane og ved at kunden oppbevarar mjølka kaldt. Med kunnskap og moderne hjelpemidlar er det enkelt å sikre kvaliteten.

Da er det skuffande at HOD likevel seier at risikoen for smittestoff er stor, og med si avvising gjer at forbrukaren og bonden ikkje kan avtale handel utan å bryte lova. Vi må leva med risikoen som tilfeldig sal har med seg. Når det er sagt, så er norsk mjølk truleg den tryggaste i verda, så vi får tru det går bra likevel. Vel bekomme!

  1. januar 2021 Pascale Baudonnel og Ragnhild Nordbø, Fagrådgjevarar i Norsk Gardsost

Innlegget støttes av Bondens marked, Norsk- Bonde og småbrukarlag, Norges Bondelag og Norsk Seterkultur