Marknadshagekurset i Vestland 2021

Lokal småskalaproduksjon av grønsaker kan både vera enkelt og utfordrande å starte opp med. Bondens marknad lanserer no andre kursrunde med marknadshagekurs i Vestland fylke.

12. august 2020

Marknadshagekurset i Vestland 2021

Kurset gir deg oppstartskunnskap om både marknadsarbeid og produksjon av grønsaker for sal på Bondens marknad, REKO, og eigne gardsutsal. Kurset byr på:

  • Ei trygg innføring grønsaksdyrking frå rådgjevarar i NLR, ein god los inn i marknadsarbeid gjennom Bondens marknad og andre lokalmatekspertar i Vestland
  • Ein god porsjon møter med bønder og gartnarar som med stor iver har starta og klekt kodene for å få til ein marknadshage.
  • Tilleggsaktivitetar: Mange er framleis i oppstartsfasen og kurset sper på med studietur i samarbeid med Bjørnafjorden landbrukskontor, og markvandringar i sesong og fadderordningar.
  • Kurset vil og dra nytte av erfaringar og samarbeid med Stadsbruk-prosjektet i Malmø. Les meir her

Datoer

28.oktober - Bergen – Inspirasjonssamling på kveldstid kor du vil møte erfarne og nyoppstarta bønder og gartnarar som driv ein marknadshage eller småskala grønsaksproduksjon. Då får du også vite meir om kurset og mulege støtteordningar frå Innovasjon Norge.

Dersom du får plass på kurset (tilbakemelding 10. nov) er desse samlingane obligatoriske for deg:

  • Kræsjkurs i Grønsaksdyrking (17.nov)
  • Marknadshagekurs (2x2-dagarssamlingar med overnatting) 19.-20. januar + 16.-17. februar i 2021,
  • Entreprenørskapsdagane 9.-10. mars i 2021. Sjå detaljert plan i teksten under.

Søknad og påmelding til Marknadshagekurset 2020

Søknadsfrist er 1. november. Deltakaravgift: kr 2500,-, og i tillegg må du dekke overnatting og middagar på samlingane. Deltakeravgiften betales rett etter at at du har fått tildelt plass (ca. 10. november).

Kurset er open for 30 deltakarar som vil starte opp småskala grønsaksproduksjon for sal. Dette er med andre ord ikkje eit kurs for hobbygartnarar eller folk som vil drive ein parsell eller sjølvbergingshage. Er du på jakt etter hobbykurs, så kontakt Bybonden i Bergen, Ida Kleppe.

Her kan du melde deg på

Tilbud om flere åpne møter

Det er flere tilbud for deg som vil lære mer om temaet.

2020

-30. august Aurland, Mariannes kafe. Nettverkskveld – Marknadshage i lokalmatmarknaden

-31. aug. Aurland, SJH. Markvandring SJH – og kompostdag Lenke til program og påmelding for begge dagane

-24. sept. Stend, Bergen. Jord og grøftedag for grøntprodusentar. Program og påmelding

-29. sept. WEBINAR – Markedsarbeid, prissetting og kommunikasjon. Kveld. Program og påmelding

-28. okt. Bergen/Voss. Inspirasjonssamling for marknadshagar i Vestland. Kveld. Program og påmelding

-1. nov. Søknadsfrist til Marknadshagekurset 2021 – Bondens marknad.

-17. nov. Voss/Bergen. Kræsjkurs i grønsaksdyrking på Vestlandet. Dagtid.*

2021

Markedshagekurset 2021: 19.-20. januar – stadfesta dato, Hordaland 16.-17. februar – stadfesta dato, Sogn og Fjordane

9.-10.mars. Entreprenørskapsdagar for småskala grønsaksdyrkarar*

7.-11. april. Studietur nord-Tyskland – besøke marknadshagar i drift. Bjørnafjorden landbrukskontor er arr.

Datoar med *betyr at det er obligatorisk for dei som har fått plass på marknadshagekurset 2021. Elles er kursa opne for alle, men dei som har teke marknadshagekurset 2020 eller har fått støtte frå Innovasjon Norge har fortrinnsrett på alle aktivitetane. Du kan ikkje delta på marknadshagekurset to gonger.

Viktig informasjon i pdf til deg som vil melde deg på om datoer o.a.

Følg gjerne med på Facebook-gruppa Markedshager - Vestlandet