Barndomsminner på flaske

På eit lite gardsbruk på Sandane i Nordfjord held familiebedrifta Påldtun til. Påldtun består av Veronica Hauge og Magne Ravnestad, samt foreldra hennar. Småbruket ligg ved Gloppefjorden der frukt og bær får gode forhold å vekse i.

Hausten 2012 starta Veronica Påldtun Frukt & Bær. I dag sel dei produkt igjennom butikk, kafe, nettbutikk og til bedrifter og hotell. Påldtun er også å sjå stå stand på Bondens Marked Sogn og Fjordane, samt Bondens Marked i Bergen.

Råvarer fra Gloppen “Barndomsminner på flaske” er slagordet til Påldtun og det med god grunn. Alt er 100% heimlaga og utan kunstige tilsetningstoff. Under innhausting av råvarane reiser frukta berre nokre få meter frå jord til produskjonslokala dei har på garden. Alle råvarar kjem frå garden deira eller andre lokale gardar i nærleiken. -Vi legg barndomsminner på flasker og glas etter oppskrift frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott. Når vi tilsett ein stor dose kjærleik og litt krydder, gjev dette deg ei god matoppleving basert på dei gode, gamle tradisjonane innan vidareforedling av frukt og bær. Matspesialitetane våre kan derfor trygt nytast av både liten og stor.

Påldtun gjer saft og sylte til sunne og smakfulle matopplevingar som får deg til å hugse slik det var. Du kan lesa meir om Påldtun på deira netttside.