Produsenter
Utforsk lokale produsenter som selger på Bondens marked.

Ringblomstsalve - familiens universal!
Foto: Renate Lunde
Vossabia lagar handlaga hud- og hårpleie på familiegarden på Voss, basert på ville vekster, økologiske råvarer og eigne biprodukt. Sidan 2004 har me utvikla produkt som «matar» huden med næring frå naturen – med urter frå Hardangervidda, plantar frå eigne slåtteenger og bivoks og honning frå eigne bier. Me brenn for Heilskapleg Helse-tenking. Det du smører på kroppen påverkar heile deg, og me brukar difor berre reine, naturlege ingrediensar som gir næring, pleie, styrke og velvære. På garden har me over 160 planteartar, og dette mangfaldet er grunnlaget for alt me lagar. Vossabia kombinerer tradisjon, kunnskap og berekraft – for naturleg pleie til heile familien.
Mat for hud og kropp! Sjekk alle produkt her: https://vossabia.no/collections/alle-produkter I sesong kan det også hende me overraskar med sal av honning, te av ville vekster og økologiske småplanter i tillegg.
Blomster · Honning