Produsenter
Utforsk lokale produsenter som selger på Bondens marked.

Kjøtt · Egg · Grønt (og salat), te og krydder
Teigen i Hågå er småbruket vårt i Skeidsdalen i Gjemnes kommune på Nordmøre. Vi har 27 vinterfora Gammalnorskspælsau, 9 norske mjølkegeiter, og høner. Vi har ein liten marknadshage som er driven for hand utan å vende jorda for å ta vare på jordlivet og bygge opp jordsmonnet. Vi nyttar ikkje sprøytemidel eller kunstgjødsel på garden vår. Vi har ikkje sertifisert oss økologisk men vurderar å gjere det. Dyra går fritt på utmarksbeite i fjellet rundt garden vår frå juni til oktober. Dyra får ikkje kraftfor. I tilleg til silofôr får dei igså høy som vi hesjar, tørka lauv og tang frå fjøra. Alltid tilgang på himalayasaltstein. Før og etter utamarksbeite brukar vi dyra til målretta beiting på innmarka vår som eit regenerativt verktøy for å bygge humus og god jordstruktur. Vi har lett maskinpark for å ha lite marktrykk, nyttar all den brattlente jorda vår og held i hevd gamle tradisjonar som lauving og hesjing. Om vinteren luftar dyra seg rundt fjøsen vår. Vi sel alt vi produserar direkte til kunde.
Kjøtt, grønnsaker og egg