Reksta Villsau

Reksta Villsau

Reksta Villsau logo
Lars Erik Reksten
Rekstavegen 481, 6915 Rognaldsvåg

Grønt (og salat), te og krydder · Husflid og håndverk · Kjøtt · Syltetøy, gelé, sirup og andre søtsaker

GårdsbutikkNettbutikk

Om oss

Garden vår ligg på øya Reksta, rett vest for Florø. Frå 2005 har produksjonen vore villsau. Vi har drive økologisk sidan 1994. Både gardsdrifta og produksjon av spekepølser, fenalår, pinnekjøtt og ramslaukpuré er Debiogodkjent. Villsauene går ute heile året, og beitar på lyng og innmark. For tida har vi ca 120 lammesauer i tillegg til fjorlam. Dyra går ute heile året, men vi har husdyrrom til alle, slik at dei kan komme i hus. Vi tilleggsfôrar dei med økologisk silofôr og høy – etter behov – gjennom vinteren. Vi vidareforedlar noko av kjøtet frå sauene og lamma, og lagar spekepølse etter gammal oppskrift. Vi lagar og ein variant med villsau iblanda 25% hjortekjøt. Dyra blir slakta på Nortura sitt anlegg i Førde. Vi leiger fordlinganlegget på Mo- og Øyrane VGS for å skjere ned kjøtet og lage pølser. Pølsene er utan tilsetjingsstoff, med 35 gram salt pr kg kjøt. Pølsene blir røykte i eige røykehus og hengt til tørk i ei sjøbu.

Produktinfo

Reksta Villsau tilbyr kortreist lokalmat i form av økologiske spekepølser, handlaga etter gammal metode og oppskrift. Pølsene inneheld berre kjøtt av villsau (og hjort) i tillegg til salt. Både gardsdrifta og pølseproduksjonen er Debiogodkjent. Reksta villsau tilbyr også dekorative skinn av villsau, sitteunderlag, økologisk ramslaukpuré og rognebærgelé.


Bilder