Produsenter
Utforsk lokale produsenter som selger på Bondens marked.

Grønt (og salat), te og krydder · Kjøtt
Bratte lier og vått vestlandsklima har ikkje stogga ein Sunnfjording før. Med gamle rasar av Vestlandsk fjordfe og Gamalnorsk spelsau, nyttar vi utmarksressursane til å produsere kortreist, godt kvalitetskjøt med god samvit. Dei gamle rasane er tilpassa klimaet på Vestlandet. Små dyr som tek seg lettare fram i terrenget og som etterlet seg mindre skade på jorda enn dei moderande tunge rasane gjer i vått vestlandsvær. Alle husdyr og planteprodukt er godkjent som økologisk av Debio. Hjortekjøtet er frå den lokale hjortestammen og so regel jakta av bonden sjølv eller andre i same jaktlag. Dessuten er me opptekne av å nytte dyrka og viltveksande nyttevekstar og sopp. Heimtuna eller «Hemmtuna» ligg på Årberg i Sunnfjord i tidlegare Gaular kommune. Køyrer du E39 nordover etter å ha kryssa Sognefjorden finn du oss ca ei mil nord om Vadheim, like før du bikkar toppen av vegen før det hallar ned att mot Sande.
Kjøt av Vestlandsk fjordfe og sau, lammepølser, kjøt og sopp.