Produsenter
Utforsk lokale produsenter som selger på Bondens marked.


Drikke
Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker. Det er tradisjonar for fruktdyrking på garden heilt tilbake til 1800-talet. I tillegg har det vore grønsaksproduksjon samt planteoppal av grønsaksplantar for sal på garden sidan 1930-talet. Per i dag blir det dyrka epler og rabarbra på garden. På våren blir det også ala opp om lag 120 ulike sortar grønsaksplantar. Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer. Produktporteføljen har blitt stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene står i fokus. Vi dyrkar også enkelte av urtene som inngår i dei alkoholhaldige produkta våre. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen.
Drikkevarer