
Bergegarden
Om oss
Eg er pensjonist med mykje energi og måtte få meg ein hobby då barn og barnebarn ikkje trong meg i same grad som før. På garden bugna det av frukt, bær og vindruer, så det var bare å sette i gong. Det starta med krydra saft av vindruer samt diverse syltetøy som eg selde stort sett på Rekoringen og etter kvart på diverse messer og pup-up stand. Utvalget og salget har heile tida auka og i 2025 vart Bergegarden MVA registrert.
Produktinfo
Eg tilbyr alkoholfrie festdrikker, sirup, syltetøy og chutney. Utvalet varierer frå veke til veke. Alkoholfrie, drikkeklare festdrikker: Eg tilbyr fleire sortar alkoholfrie festdrikker laga med ulike frukter, bær og plantar. Du kan mellom anna få aronia & eple, festdrikk av druer, geiterams, rips & solbær, mjødurt, rabarbra, rabarbra med bjørnebær, drue & plomme, rabarbra & druer og kristelig festdrikk (krydra og sterk!). Sirup: Eg lagar lavendelsirup med god smak og aroma. Syltetøy: Utvalet består av eplesyltetøy med krydder og tradisjonelt eplesyltetøy, rabarbrasyltetøy med kanel og kajenne, krydra plomme- og rabarbrasyltetøy (ny!), tradisjonelt rabarbrasyltetøy (ny!) og mildt plommesyltetøy med kanel og kajenn (ny!). Chutney: Eg lagar rabarbrachutney.
