Solundmat AS

SolundMat AS er eit selskap som er eigd av heile 57 eigarar: lokale bønder, fiskarar og andre engasjerte personar, også regionale og sentrale. Forretningsideen er bl. a. å gje kundane særs gode matopplevingar ved å bruke kjøt, fisk og andre råvarer frå Solund, alt designa i ein pakke, med alt tilhøyr og jamvel mathistoria attpå. Produkta blir retta inn mot velrenommerte restaurantar,butikkar, etablerte fiskeoppkjøparar og private.