Logo til Saudamat
Saudamat

God, tradisjonsrik husmannskost har alltid stått på bordet heime hos barndomsvenene og bøndene Sverre Gustav Birkeland og Håvard Lunde. Å vekse opp på gard har lært dei om dyrevelferd, om matproduksjon og om korleis fornøgde og friske dyr gir det beste kjøtet. I dag driv begge eigne gardar. Sverre Gustav blei eigar av garden på Birkeland som 18-åring, mens Håvard driv i dag garden ”Gamletunet”, som ligg i innfallsporten til vakre Åbødalen. Lærdomen frå barndomen har dei begge teke med seg. Å drive med dyr er arbeid som skal drivast med samvit og omsyn til dei firbeinte. Ein gris som går ute i sørpe, jord og natur, som et røter, urter og anna snadder han grev fram, det er ein glad gris. Ein sau som går i fjella rundt Sauda på sommaren, som kan vandre rundt og tygge på nyspirt høgfjellsgras i områda rundt Avhoggnuten eller Sauanuten, det er ein glad sau. Eit høglandsfe som får ta seg god tid til å beite, som får gå fritt i naturen sommar og vinter, det er eit glad høglandsfe. I dag har Sverre Gustav og Håvard si eiga kjøtvarebedrift. Dei vil levere mat der minimal medisinering, godt stell og fantastiske beiteforhold sørger for at dyra har det godt, heilt frå fødsel til slakt. Dei vil levere mat med smak av Rogalandsfjella. Mat av topp kvalitet, som du kan nyte med godt samvit. Mat som har ei glad historie bak seg.
Kontakt oss
Adresse
Birkelandsvegen 47
4200 Sauda
Kontaktperson
Sverre Gustav Birkeland
Mobil
957 92 321
Produktinfo
Kjøtt av sau, storfe og svin.