Logo til Jevnlid garden
Jevnlid garden

430 meter over havet i ei den vesle fjellbyda Fjelli, inst i Nordfjord ligg garden Jevnlid. Her pustar vi i frisk god luft, og har panoramautsikt mot fjord og fjell. På garden er vi lidenskapeleg oppteken av å ivareta den rike matkulturen vi har, der vi lagar tradisjonsrik god mat, laga med god tid, med ekte handverk. I 234 år har stabburet på garden vert brukt til speking av mat. Når du nyt eit produkt frå Jevnlid Garden skal du kjenne på smaken at vi kun nyttar dei beste råvarene i produksjonen. Produkta våre er ikkje laga av kjøttavskjer, men av dei beste kjøttpartane som bogskinker, entrecoter, rundsteker, mørbrader, flatbiffer osv.