Logo til Bieprodukter
Bieprodukter

Bieprodukter er ei lita familieverksemd i Ålesund. Vi driv i hovudsak med honning produksjon. Dronningavl og salg av avleggarar til andre birøktarar er ei lita sidenisje av forretningsideen. Dessutan driv vi eit prosjekt med bipollinering av frukt og bær saman med bønder på indre Sunnmøre. Bigarden tel no 110 bikuber. Vinterbigarden er i Samfjorden i Haram kommune. Vår, sommar og haust vandrar vi med biene våre rundt omkring på Sunnmøre, frå dei indre fjordstrøk i Valldalen ut til kysten rundt Søvik og Brattvåg.
Kontakt oss
Adresse
Skåthaugen 59
6010 Ålesund
Kontaktperson
Einar Tore Bjørlykke
Mobil
95115982
Produktinfo
Honning frå eigne bier.